No har vi endeleg fått napp på tre dexter kviger! Siste helga i juli reiser vi til telemark for å hente 2 kvigekalvar og ei kvige på ca eit år. Alle er avkom frå importerte embryo med god stamtavle.
Håpar vi med tida skal kunne levere livdyr av god kvalitet, som ikkje slektar på andre dexter i Norge.
I tillegg har vi gjort avtale med ein lokal mjølkebonde om å ta i mot 3-4 veker gamle NRF kalvar, som vi skal fore opp og levere kjøtt til Nortura. Kan og vere aktuelt å sende dyr til slakt og selge heile/halve/kvarte dyr privat.
Liland Gard
tirsdag 17. juni 2014
Dexter kviger på veg!!
tirsdag 20. mai 2014
Kvigene er slept på beite:)
Då var kvigene komne ut på ''Holmen''
Dette er kvigene som skal seljast i løpet av året. Snille NRF kyr, kjem for å få kos på eige initiativ:)
Lokka dei på beite ved hjelp av ei bøtte mjøl, sjølv om dei aldri har vore der tidlegare.
onsdag 23. april 2014
Lamming i full gang
Lamminga er i full gang, ca halvparten av sauene har fått lam så langt :)
Vi har begynt å sleppe ut dei første lamma som kom, ser ut som dei kosar seg i sola:)
Omlegging av drift
Vi skal i haust legge om drifta frå sauer til ammekyr av rasen dexter.
Er interessert i å kjøpe opp til 4 dexter kyr /kviger med stambok.
Er og interessert i å kjøpe kyr av ein liten, gammalnorsk rase, eks. Vestlandsfe og raudkolle.
Er interessert i å kjøpe opp til 4 dexter kyr /kviger med stambok.
Er og interessert i å kjøpe kyr av ein liten, gammalnorsk rase, eks. Vestlandsfe og raudkolle.
Har i haust til salgs 4 NRF kviger født våren/sommaren 2013. Har 17 sauer og ein vær til salgs. Desse vert sendt til slakt saman med lamma om dei ikkje vert selde.
Ta gjerne kontakt på tlf 41636536 :-)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)





