Om Liland Gard


Garden er plassert på Lavikdalen i Sogn og Fjordane, Høyanger kommune.

I 2012 overtok Jan-André Førde Systad og Tonje Førde Systad drifta av Liland Gard, frå Jan-André sin far Arne Systad og mor Beate Systad. Når Arne overtok garden frå far sin, Bendik K. Systad, dreiv dei i hovudsak med mjølk og kjøtproduksjon. Dei hadde på det meste 12 melkekyr. Etter dei ga seg med mjølk, hadde dei på det meste 70 vinterfora sauer.

I dag har vi 17 vinterfora sauer, 2 værar og 4 NRF kviger. Det er meininga å selje desse dyra i år, for å legge om til avl og kjøttproduksjon av rasen Dexter.

Vi har valgt å prøve dette, då garden er blitt ei biinntekt i tillegg til at vi jobbar 100% i kvar våre jobbar. Dexter skal vere ein ''lettdriven'' rase, kan gå ute heile året, og sisst men ikkje minst er det lette dyr som passar godt på noko blaute beiter.

Vi vil ha fokus på å avle fram dyr av god kvalitet og i hovudsak selje livdyr.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar