No har vi endeleg fått napp på tre dexter kviger! Siste helga i juli reiser vi til telemark for å hente 2 kvigekalvar og ei kvige på ca eit år. Alle er avkom frå importerte embryo med god stamtavle.
Håpar vi med tida skal kunne levere livdyr av god kvalitet, som ikkje slektar på andre dexter i Norge.
I tillegg har vi gjort avtale med ein lokal mjølkebonde om å ta i mot 3-4 veker gamle NRF kalvar, som vi skal fore opp og levere kjøtt til Nortura. Kan og vere aktuelt å sende dyr til slakt og selge heile/halve/kvarte dyr privat.